Bustaden min i Digipost

Digipost samarbeidar med Boligmappa. Det betyr at dei dokumenta du får i Boligmappa automatisk hamnar i mappa Bustaden min i Digipost.

Illustrasjon av en stue med plantar og møbler er synlige i rommet, utsikt mot vegen.

All bustadnformasjon samla i ei mappe

Alle som eig ein bustad i Noreg, har ei bustadmappe knytt til boligen hos Boligmappa. Her kan du finne dokument som omhandlar bustadeden, som til dømes dokumentasjon frå handverkarar.

Dokument du mottar hos Boligmappa blir automatisk vidaresendt til mappa Bustaden min i Digipost. Det gjer det enkelt for deg å følgje med på nye dokument knytt til bustaden din.

Du kan óg laste opp eigne dokument, som kvitteringar, sluttkontroller eller anna i mappa Bustaden min i Digipost, slik at du har enkel tilgang til alt samla.

Nye og gamle dokument

Hvis du overtek ein brukt bolig kan du oppleve å få tilsendt ei rekke eldre dokument som er tilknytt bustaden du har kjøpt. Dette er heilt riktig, fordi du som ny eigar skal ha tilgang til desse.

Hvis du derimot har eigd ein bustad lenge, vil du oppleve at berre nye dokument blir vidaresendt til Digipost. Du kan logge inn i Boligmappa for å få tilgang til alle dokumenta der.

Dokument hos Digipost følgjer deg

I Digipost har du full kontroll over innhaldet. Det betyr at du eig dokument til du eventuelt vel å slette dei, og du kan vidaresende til kven di vil. Det gjeld også om du sel eller overdreg bustaden til andre.

Dokument hos Boligmappa følgjer bustaden

Det betyr at hvis du sel bustaden er det den nye eigaren som får tilgang til Boligmappa. På same måte får du tilgang til alle relevante dokument når du overtek ein ny eller brukt bustad.

Dokument du lastar opp sjølv blir ikkje vidaresendt

Du kan laste opp eigne dokument både i Digipost og hos Boligmappa. Ver merksam på at dokument du lastar opp i Boligmappa ikkje automatisk blir vidaresendt til Digipost. Det er heller inga videresending frå Digipost til Boligmappa. Du bør derfor tenkje på kven som skal ha tilgang til dine opplasta bustaddokument når du avgjer kvar du skal laste dei opp.

Les meir om Boligmappa