Digipost kontroll

Digipost kontroll

Med Digipost kontroll kan du be om å få sjå dokumenter privatpersonar har i Digipost. Det er ein enkel, sikker og rask måte å få sjekka viktige dokument på, som politiattestar.

 

send

Send

Fyll ut førespurnaden og send til mottakar. Du finn alle Digipost-brukarar ved å søkje etter namn og adresse.

dele

Del

Mottakar blir no varsla og vel kva dokument dei ønskjer å dele med deg.

kontroller

Kontroller

Når mottakar har delt eit dokument, kan du kontrollere det, og når du er ferdig, vert tilgangen avslutta.

Sikker og effektiv dokumentkontroll

  • Verifiser at dokumentet er ekte. Alle dokument vert sende gjennom Digipost, noko som gjer at den som utfører kontrollen kan vere heilt trygg på at dokumentet er ekte og uendra.
  • Betre personvern. Du slepp å sende sensitive opplysningar på e-post. Dokument vert verken sende eller lagra, slik at du kan vere trygg på at personvernet er ivareteke – heilt i tråd med GDPR.
  • Hald full oversikt. Tenesta gir full oversikt over når du har gjort innsyn, og i kven sine dokument. Kontrollane går raskt og skjer i trygge rammer.
velg og del

Dette seier nokre av dei som har delt politiattest:

«Genialt at det er så enkelt! Slepp å styre med korleis det skal sendast trygt med tanke på personvern og sensitive opplysningar som personnummer og slikt. Super løysing for å dele dokument som arbeidsgivar har spurt om!»

«Sømlaus, veldig nyttig og oversiktleg»

Illustrasjon av dame som besøker Digipost kontroll via mobiltelefonen sin

Enklare handtering av politiattestar

Prøv Digipost Kontroll gratis og få ein enklare kvardag

Prisar på abonnement

LitenMediumStor
20 kontrollar i året50 kontrollar i året50+ kontrollar i året
99,– mnd199,– mndKontakt oss for pris

Abonnementet fakturerast årleg. Alle prisar er oppgjevne utan mva

Ønskjer du meir informasjon om Digipost kontroll?

Meld interesse, så kontaktar vi deg.